Costura - Eit år fram i tid : eit nytt kapittel i livet

Eit år fram i tid : eit nytt kapittel i livet

365/6 days // 28.okt.2011 @ 21:54 // K o m m e n t a r e r (5)

Tenkte eg skulle bruke litt tid på å få samla tankane mine om åra etter vidregåande. Det er nok det største og vanskeligaste valget eg må ta hittil. Å velge riktig veg til utdanning er ikkje enkelt. Det blir eg minna på kvar gong eg ser på tv, les i avisa, men ikkje minst når eg ser på folk som hasta på jobb. Då tenke eg ofte: "Er dette noko for meg? Er dette noko eg vil bruke tida mi på resten av livet?" For det vanskeligaste spørsmålet er akkurat det! Å finne ein ting eg kan halde på med resten av livet mitt!

Eg bruker bilder frå treningssenteret som inspirasjon. Dette bildet inspirerer meg til å bruke masse energi på ein ting eg virkelig brenn for. Ville ønske å springe på jobb kvar morgen, vere den første som kjem og den siste som går. Eg har skreve før at militæret er ei retning som høres veldig spennande ut. Eg har valgt å prøve meg på denne retninga. Befalskulen - leding? Er dette den riktige vegen for meg?

Eg må vise masse styrke, av og til er eg redd for at eg ikkje har den styrken. MEN..det er viktig med mål, og det er enda bedre å klare måla du sett. Eg har sett opp treningsprogram sammen med broren min, det er ganske interessant. Det er ganske nervepirrande om eg klarer krava mine, om eg klarar å imponere. Eg er spent på resultatet.

Spørsmålet er om eg skal gi alt, om eg skal gå inn for det?

Men eg har endelig bestemt meg, håper valget eg tar er riktig. Viss ikkje lærer eg av mine feil, det er storesøsteren min ein fantastisk inspirasjon på. Og uansett, ikkje sjå på feil valg som ein feil, men som ei viktig læring i livet.

Men valget har falt på....
1 år befalskule + 1 år i praksis
Tenker å byggje på leding. Mikse kle og ledelse, mikse trening og samhald. Er veldig spent på det neste året - gleder meg!

Photos//Private


  5 kommentarer på "Eit år fram i tid : eit nytt kapittel i livet"

Mari
Veldig bra skreve, snuppa! Stå på, så greie du måla dine:)
28.okt.2011, 23:24
URL: http://marigjorva.blogg.no
Janita
Takk, min skatt!
28.okt.2011, 23:28
URL: http://costura.blogg.no/
reidun
sounds GOOD! ej he trua på dej!u can do it! klemklem
29.okt.2011, 16:53
Duff
Ikke Dårlig :) Prøve og feile er den viktigste lærdommen i livet...målene som settes skal ver oppnåelige og skal ikke please andre enn deg selv.

Som min kjære sier, you can do it girl, så lenge du selv har trua ;)
29.okt.2011, 21:18
Janita
Takk kjæresteparet! Ej he trua, ej vil ditta!
30.okt.2011, 16:20
URL: http://costura.blogg.no/

Skriv en kommentar til dette innlegget:


//navn
//e-post
//URL
din kommentar:


lagre?


hits